I ein mediekvardag kor rikspressa overveldande handlar om lavkarbo og orgasmar, så finns det enno ei avis som eg er villig til å betale pengar for. Morgenbladet er behagelig high-brow, har behagelig få modellar på framsida, og skriver om behagelig viktige ting, som til dømes filosofiske verk eg aldri kommer til å lese. Dagbladet og VG ravar nærmare og nærmare den kulørte vekepressa, og Aftenposten får vi arme nordlendingar ein dag for seint. Morgenbladet har til og med ein behagelig mengde stoff for nettavisgenerasjonen som bare får nyheter gjennom lokalavisa – vi har ei veke på oss til å komme gjennom artiklane, kronikkane og debattane om det som interesserar oss med lugubre mengdar studiepoeng fra humfak.
Morgenbladet har skarpare pennar i skuffa enn riksavisane, og fleire korrekturlesarar enn lokalavisane. Dessutan er dei på Twitter. Der gjorde dei meg oppmerksam på at kulturjournalisten deira skriver “verken surt eller slemt” om ateistar. For å vere nøyaktig, han skriv om “ateistgnålet i adventstida”, som for alt eg veit ikkje blir oppfatta som ein like sur ordlyd i den travle hovedstad som det er her ute i periferien. Viss det ikkje er ironi, da.
Eg skal ikkje gå inn på innhaldet i kommentaren her – Gud veit at den her typen folk sikkert finns, for Gud veit at eg sjølv har hadd den her typen tankar fra tid til anna. Problemet mitt er med retorikken til journalisten, for med all respekt å melde: Eg kjennar meg ikkje igjen i “ateisten” sånn han blir framstilt her. Visst har eg hadd mine tankar om rockelegendar som blir finn Jesus og blir fødd på ny etter runda førti, men eg snakkar ikkje om dei med mindre det er i diskusjonar med folk som er noenlunde einige med premissane mine. Eg går ikkje rundt og ventar på første og beste anledning til å verbalt overfalle noen som nynnar på “O helga natt”, og ikkje trur eg at eg er eit bedre menneskje enn religiøse heller. Viss eg skal forstå kulturjournalisten til Morgenbladet rett, så betyr det at eg ikkje er ein ekte ateist, for
“Ateister nå til dags klarer ikke å gå én dag uten å måtte fortelle Gud og hvermann hva de mener om livet, døden, universet, evigheten og ettertiden. Det er underlig. Enten temaet er popmusikk, litteratur, reiser, filosofi, skolegang, forskning, barneoppdragelse, språk eller naturvern, klarer alltid ateisten å smette inn en kommentar der han ubeskjedent bretter ut om sitt livssyn.
Eg er ikkje ein sint ateist, sjølv om eg av og til tar meg friheten å snakke om at eg ikkje trur på Gud. Eg fatter lett at folk kan vere åndelige. Eg har ingen problem med å skjønne korfor folk trur – om det er på Jesus eller Tor med hammaren, så kan eg forstå åndeligheit. Grunnen til at eg er ateist er ein blanding av manglande personlig tru og noe svære plotthull i dei aller fleste religiøse verdsanskuelsar. For å vere plump: Eg forstår åndeligheit, men eg meiner at samtlige organiserte religionar er vrangforestillingar (jf. “we are all atheists about most gods that humanity has ever believed in”). Eg ordlegg meg ikkje sånn når eg snakkar med andre, og i alle fall ikkje når eg snakkar med venner og familie som trur. Trua på at Jesus sto opp fra dei daude gjer like lite meining som trua på at marsmenn skulle hente dei rettruande med eit romskip som kom i følge med Hale-Bopp, men eg tar ikkje diskusjonen med sidemannen på julebordet.
I kommentaren til Morgenbladet er ateistar ein like homogen gruppe som muslimar, feminstar og politikarar til venstre for Erna Solberg er i kommetarfeltane på Dagbladet.no. Ateistar hatar Jesusbarnet, og dei grip kvar einaste sjanse til å fortelje alle og einkvar om det. Ateistar blir personlig fornærma når raddisheltar lefler med det åndelige, og dei grip kvar einaste sjanse til å fortelje alle og einkvar om det. Ateistar maktar ikkje å se at verda har større problemar enn kollektive vragnforestillingar, og meiner at det hadde vært fred på jord hvis Paven bare ikkje hadde vært katolikk (her venta eg noko om Stalin og antall mennskjer henretta i ateistiske diktatur), og grip kvar eineste sjanse osv.
Og dessuten trur dei at dei er bedre enn alle andre.
Det er ein trist sak når den einaste avisa som ein har meir-enn-middels forventingar til går hen og trykker kommentarer som er like reflekterte som amerikanske blockbustarar. Kjære Morgenblad, eg vil ha meg frabedt å få min personlighet og min mors evne som oppdrager definert ut fra min mangel på gudstru.
Kjære formodentlig truande kulturjournalist: ateisme er ikkje ein personlighetsforstyrrelse. Eg er ateist, og sjølv om eg er ganske lunken på jula generelt, så er eg desto ivrigare på påska. Det er få ting som gjer meg lykkeligare enn sol, sjokolade og “Deg være ære” på radioen. Eg går ikkje eingang rundt og belærar kirkjegjengarane om kordan det sikkert eigentlig er noko hedensk. Eg er bare glad for å få påskeegg. Det finns i alle fall ein ateist som trivast godt med den religiøse kulturarven.
(eg har ikkje skreve nynorsk sidan vidaregåande. Kor godt synes det?)

















